I 1950 flytta familien min til far sin barndomsheim på Reiten. Eg fylte 9 år den hausten. Å gå ein handletur inn til Vik var heilt forskjellig frå i dag. Vegane hadde ikkje fått namn, og det var berre ein veg gjennom bygda. Vi budde i Almegarden på toppen av Reitabakken, der Kyrkjegata startar no.

Viss vi tok oss ein tur innover Reitabakken, så var der mange bedrifter og folk å minnast. Dette er mest som ei minnebok for meg. Dei eldste minna er over 70 år, så om alt er korrekt er eg ikkje sikkert på. Ein del har eg sikkert ikkje kome på heller, i skrivande stund. På 50 talet hadde dei fleste butikkane fantastiske juleutstillingar i advent. Det var vanleg då å gå søndagstur med heile familien og kikke, og treffe andre i same ærend. – Ein gong vi kom opp på vegen, klar til start, seier bror min: Kar du har tenkt oss no, far?