Hasund Mek. Verksted AS er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.
Initiativtakaren og grunnleggaren av denne bedrifta var Hallvard Hasund. Han vart fødd på plassen Sandbakkane i Hasund 31. mai 1908. Foreldra var Andreas H. Hasund f. 1867 og Marte Sofie f. 1875. Hallvard var den nest yngste av 5 sysken, 3 jenter og 2 gutar.