Blomster og klappsalvar
Gunvor Ulstein hadde hatt ei kjensle av at nokre av prosjekta dei jobba med, kunne slå til. Det ho hadde ymta om offentleg, skulle vise seg ikkje å vere falske forhåpningar. Den 4. mars 2000 ryddar Vikebladet Vestposten endå ein gong framsida for ei verftssak, denne gongen med blomster, smil og applaus: Ulstein Verft hadde fått kontrakt med Solstad. Reiarlaget tinga eit skip som kunne legge fiberoptisk kabel, prislapp 400 millionar kroner. Det viste seg at også UMV Holding var med på kjøparsida. Skipet var det største spesialskipet som til då var bygd på verftet og skulle leverast i april 2001. Kontrakten hindra ikkje at arbeidarar ville bli permitterte, men situasjonen vart mindre prekær.

















