Ein gong hadde ein katt gått seg inn i ei minkfoll som Rolf hadde sett ut. Rolf visste ikkje si arme råd om korleis han skulle klare å få katten ut. Katten var rasande og freste som ei glo når du kastar vatn på henne. Men Rolf visste råd. Han rigga seg til med tau – frå minkfolla, via eit tre og opp i luka oppe i buda. Når Rolf rykte i tauet, opna folla seg, og den vitskremde katten var snar å kome seg vekk. Rolf såg berre rompa på katten, og stod oppi luka og var sjølv også frykteleg redd.
Ein kar fekk Rolf til å prøve nokre nymotens musefoll eingong. Rolf hadde ikkje trua på desse, men mannen insisterte på at han skulle prøve dei eit par dagar, så skulle han kome tilbake og høyre korleis det var gått. Rolf gjekk med på dette, og då mannen kom tilbake etter eit par dagar og spurde korleis det var gått, kunne Rolf seie følgjande: – Nei, ditta he kje ej tru på. Der e to daude mus framføre folla og dei he visst flirt sej i hæl!
Ein gong Rolf låg under ein båt og skrapa botnsmurning, kava han fælt. Han skal då ha sagt følgjande: – Den so hadde vore keivhendt. Om so berre på eine handa…!
Rolf deklamerte følgjande mang ein gong: – Fram i veien der såg ej en bakkje so va so bratt. Men når ej kom dertil, va der bære flatt!
Eit anna velkjent uttrykk frå Rolf var: – Er du ute og går så seint, Rolf? – Nei, ej går så fort ej kan.
Og utdrag frå eit anna velbrukt dikt: – Nedi strandgaten der hadde jeg flaks. Han var gentleman, det skjønte jeg straks. Han bød på øl og vin – han bød på brennevin. Han bød på… dom da-di-da-di dum da-di-da-di dei! – Å -de»!
Rolf hadde, som sagt, mange vener. Dei tok han med både hit og dit. Ein gong var han på Eide på Nordmøre i eit kalkbrot. Det var som ein isbre. – Evig tele, sa Rolf.
Rolf vart sjømann. Båtar og motorar var hans interesse. Han var ein arbeidsmann av dei sjeldne. Han var slippformann på Naustneset hjå Martin Ulstein som grunnla skipsverftet. Dette var eit vanskeleg og komplisert arbeid i samband med å ta på land og sjøsette båtar.
Starta notbøteri på Osneset
I dei rike sildeåra i – 50, gjekk han i land og starta eit notbøteri ute på Osneset. Ei tid hadde han 10 menn i arbeid. Men då notbøteriet brann ned i 1963, bygde han oppatt på tomta ein verkstad der han kunne ta opp små båtar til pussing og smurning, og til dels ombygging. Her hugsar folk at Rolf arbeidde som eit dyr for å få opp att huset han trengde for arbeidet. Rolf var ein samvitsfull arbeidar.
Då Ulstein Mekaniske Verkstad skulle utvide ut over Osneset, vart det ei vanskeleg og utriveleg tid for Rolf. No hadde han rett nok nådd pensjonsalder, men han hadde vanskeleg for å roe seg med tanken på at livsverket hans skulle leggast i grus. Dei åt seg inn på han, følte han. Båtverkstaden som Rolf så optimistisk bygde i 1963, var no omringa av utbygging, og var blitt verdilaus. Han fortalte: – Når folk spør korleis eg har det på Osneset no, så plar eg svare at eg sit der åleine. Vil eg høyre song, får eg syngje sjølv. Fuglane som brukte å underhalde meg frå tretoppane, ser eg aldri meir. Det einaste eg ser er buda mi, sprukken i alle endar – stein og skiten snø.
– Ej he rodd frå meg – sa pensjonisten. Men turen til Osneset høyrde med, og ei runde til vener i bygda.
Rolf var ein fargeklatt. Hans forteljemåte og hans sjølvlaga historier og replikkunst var velkjend. Få kunne bruke dialekten slik som han.
To ungdomskuleelevar var og stelte skråningane ved grusvegen på Osneset ein vår. Rolf kom sikkert frå buda ute på Osneset og stoppa for å prate. Han hadde sannsynlegvis akkurat fått betaling slik at han hadde noko pengar på konto. No stoppa han og ville prate. – Ej kan orientere dokke mæ penge!, sa han. Gutane trur han meinte at han no hadde mykje pengar og hadde lyst å fortelje det. På sin måte.
– Di holve som sprakk
Johs Brudevoll hadde ein gammal robåt. Denne måtte takast opp haust og vår. Om våren måtte han stellast. Båten trong vedlikehald, og Johannes hadde dårleg med tid. Då var Johs einig med Rolf at Rolf skulle få bli medeigar; 50%, ved å sørgje for vedlikehaldet. Våren kom, og dei lurte no på å sette han på sjøen. Rolf fann ut at det ville vere lurt å fylle båten med vatn og la det sige av det som seig, og på denne måten ville båten trutne. Det Rolf ikkje tenkte på, var at båten var bygd for å tåle trykk utanfrå, ikkje innanfrå. Dermed sprakk båten. Då kontakta Rolf Johs og fortalte at han hadde ei god og ei dårleg nyheit. – Ej kan fortelje deg den dårlege først. De e at færingen sprakk. Den gode nyheita e at de va di holve so sprakk! Karane berga likevel båten. Dei kappa han like framom der han hadde sprokke og laga han tverr bak, akkurat som ei tverrjolle. Det høyrer også med til historia at kjølen var so skeiv no at ein måtte ta to tak med eine åra og eitt tak med den andre for at båten skulle gå beint.
Denne båten låg fortøygd inst oppi kråa i vika, og her var det mange som ynskte å halde bøvelskap med Rolf. For å sleppe dette, ville Rolf male BRUDEVOLL med store, raude bokstavar på. På denne måten fekk han kanskje meir fred, for Rolf meinte folk hadde meir respekt for BRUDEVOLL. Då Rolf skulle male desse bokstavane, starta han med litt for store bokstavar, slik at det vart skrive BRUDE på utsida og VOLL kom over ripa og på innsida. Initialane til Rolf, RH, vart sette under, då var det ingen som ville skjøne at Rolf åtte i båten. Denne malingsjobben gjorde Rolf opp til fleire gonger før det passa med talet på bokstavar.
I Spjelkavik var der ein butikk Rolf var innom mang ein gong når nokon tok han med. «SPJELKAVIK SNØRE OG NOT», stod det mala med store bokstavar på denne buda. I Rolf sit hovud heitte butikken «SNØRE, SPJELKAVIK OG NOT». Butikken vart heitande det. Han hadde bestemt seg for det. Det var ingen vits i å rette han – då ville han kanskje le og trekke på skuldrane, men butikken vart likevel heitande »SNØRE, SPJELKAVIK OG NOT».
Må ha kista klar
Roger Brudevoll fortel at Rolf har prega han. – Ja, eg er også snill, liketil og ærleg, smiler han. Roger minnest Rolf. – Han kan ikkje gå ut, slik so han ser ut, vart det sagt. Då sa Rolf: – Han kan ikkje gå ut og sjå ut so han ikkje ser ut! Det å vere alkoholist, som Rolf sa det, var ikkje noko å trakte etter. Rolf sa det slik: 1 mann, 1 dram. 1 dram for drammen sin del, so tæ drammen mannen! Roger hugsa også Rolf seie: – Besso du stæ der, so ligge du der. Å he kje du kistå klar, so stæ du der!
Rolf var mykje på slakteriet. Her hadde han ønske for dei om å få seg ein maskin som kunne gjere jobben lettare. – Du skulle hatt ei maskine der du putta grisen inn i eine enden og so kom det pølse ut i andre enden. Og her skulle ha vore ein knapp der ein berre trykte og so kom grisen tilbake igjen!
Rolf ba også Brudevoll-gutane om følgjande: – Dokke må aldri begynne å drikke, for då fæ dokke livsens glede, hvis dokke lar ver!
– Ej he røykt alle mine dage og e endå ikkje avhengig.
Ein dag han kom syklande heim frå notbøteriet, sykla han forbi Ottagarden. Det var seint på dag og skymt. Brått kom det noko kvitt farande gjennom lufta. Rolf var sikker på at det var eit spøkjelse. Dette tystykket draperte seg rundt halsen på han, vått og kleimete. Men Rolf torde ikkje ta i det. Han vart livande redd, sykla alt han vann heim og la seg langt under dyna. – Og då ej våkna, las eg «Kvi..- kvil i fred» på sløyfa som hadde lagt seg kring halsen på meg, ynda Rolf å fortelje. Det kunne også hende at han la fram denne historia (som mange andre) i diktform, der det var litt Jakob Sande – og litt sjølvopplevd eller drøymt.
Rolf måtte alltid ut på buda. Han måtte styre med noko. Turid Brudevoll skulle prøve å dresse Rolf opp ein søndag med lånte, reine klede. Ho sette på ein maskin med Rolf sine. – Du kan no vere litt fin i dag. Det er då søndag, sa Turid. – Nei ej må no ut på buda, sa Rolf. Han kunne like godt ta av seg dei reine kleda, meinte han.
Kvar blei laurdagen av!?
Ei anna historie er den søndagen Rolf stod og banka på døra til Ingebjørg Remø sin daglegvarebutikk i Reitabakken. Døra var stengd og Rolf både banka og ropte. Til slutt kom Ingebjørg ut i stoveglaset og spurte Rolf kva han ville. – Ej ska handle te helja, sa han. Ja, men Rolf, de e no søndag i dag. – Ja, men kar i heitaste de he blitt av laurdajen då…?, kom det kjapt frå Rolf.
Rolf likte, som sagt, damer. Han likte også å fare på dans. Mang en gong var han på Fantehuset på Hareid. Ein gong sette han seg inn i ei drosje på haldeplassen i Ulsteinvik og sa: – Ej he 5 krone. Køyr mej te Hareid, koste ka de koste vil! Då dei kom til Hareid, sa sjåføren at det kosta 10 kroner. – Ja, då kan du rygge for ein femmar, sa Rolf.
Ein annan gong det var dans på Hareid, ville Rolf gjerne ha med seg damer på tur inn i Snipsøyrdalen – for å sjå på hjort. Det skjedde muligens, men etter det vi forstår, var det berre Rolf som ville dette.
Rolf var veldig redd for pengane sine. Det er kanskje grunnen til at han aldri vart gift – at han var redd for at han ikkje skulle klare å forsørgje kone og born. Han var alltid redd for å rote seg bort i noko økonomisk. Han hadde eit veldig sårt sinn; tenk viss han hadde fått seg ei kjerring som skjente på han?! Det hadde aldri gått vel, meiner mange. Han hadde mange vener – og mange tok seg av Rolf, både med å mate han og vaske kleda hans. Turid Brudevoll er ei. – Eg hugsar at Rolf kom hit med eit nedskrive nyttårsbrev, fortel Turid. Det var skrive slik:
«1978 – Nyttårshelsing til Johs og Turid Brudevoll.
Det var enn somm sa te mej – de e rart du ikkje e gifte! Ja, eg drøymde ei natt eg va giffte og hadde det bære bra, men når eg vakna va eg ikkje giffte likevell.
Det eg har glømt kan eg ikkje huske. Men det eg skal glemme det husker eg.
Godt nytt år. Bere neste år.»
Kvinnfolk var verdens største glede og djævelskap, meinte Rolf. Han siterte ofte: Og kona jeg ekta, var djevelen beslekta. Å gi, jeg var ungkar igjen! … Å – de»!
Rolf var ikkje kjend for å vere spandabel. Han hengde seg gjerne på og blei servert, men fekk han beskjed om å betale for fleire, var han kjapp: – Du kan bære betale du, no. Ej betala for mej sjøl!
Ein gong var Rolf med Johs og Turid bort i Dimna for å sjå på ein båt som låg nedi fjøra. Turid vart ståande ved bilen og vente medan Rolf og Johs gjekk ned til sjøen. Etter ei stund skulle dei opp igjen. Naturen var slik her at rett nedanfor der dei hadde parkert, var det eit felt med høgt strå. Johs kom først strenande opp gjennom skogen ved sidan av medan Rolf vart ståande på nedsida av dette feltet med høge strå. Her vart han ståande, breibeint. Turid ropte at no måtte han kome, ho var lei av å vente.
– Ja, men her e heilt uunngåelig!, svara Rolf på sedvanleg vis.
Dikt til trøyst
Rolf hengde seg opp i det han kunne. Han brukte gjerne dikta som trøyst – gjerne ting som hadde påvirka han i unge år, er det mange som meiner. Han kunne blant anna «Vår Gud han er så fast ei borg», på rams. Når han var ferdig med denne salmen, la han alltid til på slutten: – Å dit vil ej!
Han hadde mange vener som også tok han med hit og dit. Han og Leif Ulstein, «Tolles-Leif » frå Tollesgarden, var ein gong med Hødd til Oslo, og her skulle karane på finare restaurant. Menyen kom, og Tolles-Leif bestilte Hellefisk. Den kvinnelege kelneren vende seg så til Rolf og spurde kva han ville ha. – Ej ska ha de same som nå Tolles, sa Rolf.
– Tolles, hvem er det, spurde kelner-dama.
– Han der, sa Rolf og peika på Leif.
– Ja, hva skal han ha, da, spurde dama.
– Flondre, svara Rolf.
Så enkelt kan det altså seiast.
Ein gong snakka Rolf med ein kar som lurte på om Rolf trudde/visste om det var eit liv etter døden, eller om han trudde på ei høgare makt. – Hvis du kan fortelle mej ken so skapte hegren, so skal ej svare dej, sa Rolf. (Hegren var det styggaste han visste).
Rolf heldt mykje til i barakka ved slakteriet. Her hadde han ein sofa som han også kunne legge seg nedpå om det skulle vere nødvendig. Her rigga han seg til med eit alter og pynta med kokkelurar, skjell, krabbe og steinar. Han plukka ormegras og tang. – Det er den finaste buketten, meinte han. Johannes kjøpte den nye typen AJAX med sitronlukt. Han meinte at Rolf kunne drage over golvet – av og til i det minste. Rolf likte veldig godt denne lukta. Han kunne seinare fortelje at denne Ajax-flaska lukta so godt – og den e so go» å vaske håret med!
Vi skal ikkje gløyme forteljingane frå turen han hadde til USA i 1982. På denne reisa samla Rolf alt han kom over. Han tok med seg alt – endåtil korleis ha på seg redningsvest om bord i flyet! Rolf var veldig redd for å flyge. På plass i flyet kjende han etter om redningsvesten var under setet. Då han kjende den sa han: – No kan det gå so det vil!
Det var ei stor oppleving å få sjå Amerikas vestkyst med Los Angeles med Hollywood og Sunset Boulevard, Golden Gate, Las Vegas, Disney World og alt som er.
– Du skulle ha sett damene borti Amerika. Bakendane deira var som låvedører – og huda va so speilfløyel…
Rolf var i Hollywood og var med på ei togreise inn i forskjellige rom med voksdokker. Dette gjorde inntrykk. Her var dei på rekke og rad, kjende skodespelarar, Chaplin osv. – Dokke skolle ha sett. Her so han og hode haud. Og honden sto nejonde å bærre gjødde! – Og so han Judas med sølvmyntane va der. Han va so lik sej! De va so han hadde hoppa rett uto Bibelen!
Kvardags logikk
I ein dagleg situasjon kunne han prestere følgjande logikk:
– Jau, det va» slik at ej vakna ta det at ej låg og sov, – stod opp, og gjekk og la mej igjen…
Ein dag kom han berande med ein liten pakke under armen. Då sa han i det han løfta pakken framfor augo på den møtande:
– Tungt e det, same kor lett det e…
Rolf hamna på sjukeheimen. Her fekk han kolbrann i ein fot og måtte amputere. Han skal då ha kome med følgjande replikk: – Dei stele lestane mine og tøflene mine, og no he dei stole foten min mæ!
Snill mann
Då eldste brordøtra skipa eigen heim, flytte Rolf frå eiga leiligheit oppe i huset, ned i kjellaren, for å gi plass. Slik var Rolf, ein snill mann med tanke for andre. Og det var så rett og godt det ettermælet dei pårørande hadde sett i dødsannonsen:
«Du vandra så stille på jord – fin i gjerning og ord. Fred over ditt minne.»
På gravsteinen til Rolf står det så sant: MINNENE LEVER
Og hadde Rolf sett at det gror litt mose på steinen, fordi han står under trea, ja, så hadde han nok sagt: – Einkvan lyt ligge der mæ!
Takk til Magne Grimstad sr., Turid Brudevoll, Roger Brudevoll og John Osnes
I 2015 blei det gitt ut eiga bok om Rolf Hatlø som fekk tittelen «Rolf Sin».