Det var ein gong eit fotballag frå ei øy på nordvestkysten som imponerte eit heilt land av fotballinteresserte. Det heile starta for 42 år sidan på Lerkendal i Trondheim.

Det vil sjølsagt ikkje vere heilt korrekt å seie at Hødd sin gullalder starta denne søndagen, 10. oktober 1965. Mykje hadde skjedd før denne dagen. Noko som hadde sørga for å bringe Hødd i posisjon til denne vidunderlege fotballettermiddagen i trønderhovudstaden.

Hødd hadde gjennom heile 50-talet vore ein habil fotballklubb, og hadde ved to tilfelle kjempa om opprykk til Hovudserien (den dåverande 1. divisjon). Men tidleg på 60-talet skjedde det ein liten revolusjon i klubben med hovudsete på Høddvoll. Nye trenarkrefter med nye idear og tankar kom til, ei grasbane vart bygd (1963) og eit generasjonsskifte av svært lovande fotballspelarar hadde i 1965 nådd eit så høgt nivå at dei kunne kjempe om opprykk til den gjævaste divisjonen.

Hødd sin gullalder starta denne søndagen, 10. oktober 1965