30-åra var vanskelege tider. Pessimismen rådde. Ingen våga å setje i gang arbeid. Det var då Anders og Wilhelm Ringstad tok med seg arbeidslaga sine med læregutar og reiste til Førde og Høyanger, der dei sette opp fleire hus. Dottera, Åshild fortel:
– Ein dag kom skulestyrar Edvard Standal på vitjing. Han vil bygge seg hus, og ville ha far til å teikne og hjelpe seg med det. Då Standal var gått, fall far og mor på kne ved kvar sin kjøkenbenk og takka Gud for oppdraget.
– Far var også stundom vikar for Halkjelsvik som var sløydlærar på ungdomsskulen, som folkehøgskulen den gongen heitte.
– I 1932 brann mor sin barndomsheimen ned inne på Saunes. Då måtte far setje oppatt eit nytt hus. Han teikna og bygde. Det er det huset Bjarne Wærdal og Solveig Kristensen eig i dag. Det var ikkje berre sjølve huset han sette opp, men han laga alt innanbu, skap, benkar, dører og anna.
Men så kom krigen som varde i fem lange år. Anders slo seg saman med svogeren sin, Halvdan Saunes, og bygde revegardar i fjøra på Saunes. Skinna vart selde på auksjon, og det vart nokre kroner. Astrid tok seg jobb med å salte sild på Saunesbuda. Det vart også tenester i byte mot ein del naturalia som egg, kjøt og fisk.
Då krigen var slutt, skipa Anders Ulstein Trelastlager A/S saman med ein del andre. Han var byggeleiar i mange år. No kom prosjekta på rekkje og rad: Samfunnshuset, symjehallen, rådhuset og mange fleire. Anders var ein sjølvsagd rettleiar og arbeidsleiar.
Då rådhuset vart bygt, var han 70 år og kjende seg sliten. «Generalslave» kalla han seg sjølv. Og det var kanskje rett nok. For han hadde ikkje berre vore med i arbeidslivet. Han var like sterkt med i åndslivet i bygda, aktiv som han var i kyrkja og på bedehuset.
I eit intervju eg hadde med han då han var 70 år, fortalde han kor bille gein kunne reise eit hus. Den gongen kunne ein reise eit 65 kvadratmeter stort hus for 700 kroner. Huset til Nordahl, som var bygt etter same lesten som hans eige, kosta 10.000 kroner. Og då ville byggeløna til same huset kome på 13-15 000 kroner. Dette var byggeløna i 1967. Den gongen var det slik at vart huset bygt om våren eller sommaren, laut ein sjå seg om etter anna arbeid om vinteren, og det var ikkje like lett. Men Anders sa alltid:
– Når eg har det travelt, tek eg det med ro. Og skal eg nå halde fram 10 år til, må tempoet setjast monaleg ned.
Åshild fortel vidare:
– Hjartebarnet til far var kvileheimen. Nå var det på tide å få reist ein ny og moderne heim. Og saman med andre gjekk han inn for det nybygget som i dag er rive på grunn av mangel på vedlikehald. Dugnaden på dette bygget var formidabelt, og far sa aldri nei til slikt arbeid. Eg er glad han slepp å oppleve forfallet og rivinga!
– Far hadde mange læregutar som han lærde til å bli fullgode fagarbeidarar. Her kan vi nemne: Georg Sundgot, Sverre Svendsen, Rolf Hatløy, Ansgar og Reidar Urke, Norvald Holseker, Einar Sundnes og fleire. Arbeidet måtte vere solid, grundig og fagmessig. Helst skulle det vare i 100 år.
-Mor sa ofte at å få far til å gjere noko lettvint, midlertidig og provisorisk, var som å ta stjernene ned av himmelen. Flate tak ville han ikkje lage fordi «vi bur då ikkje i Mesopotamia», som han sa.
-Far var streng, alvorleg og rettvis, men han hadde humoristisk sans. Aldri gjekk han på akkord med det han trudde var rett.
-Då mor døydde i 1973, var det som om han heller ikkje ville leve lenger. Men han måtte likevel sjå til at alt ved husa var i orden. 78 år gammal kraup han seg over taket for å sjå om alle takhellene var på plass. Han var aldri høgredd.
I samtalen med meg sa han at han kjende seg heime i Ulsteinvik. Han hadde aldri lengta bort. Han trudde på at kommunen gjekk ei rik framtid i møte med bygging og regulering.
– Det han hadde vore med på var berre ein sped start.
-Far var ikkje berre ein vanleg arbeidar, men ein smålåten kar i all si ferd, nøgd med lite.
Hans kristne livssyn gjorde han til ein trufast kykjegjengar og bedehusmann, og her gjorde han teneste som sundagskulelærar. Og når noko skulle vølast, anten i kyrkje eller bedehus, stilte han villeg opp.
-To songar far likte godt var:
Fra fjord og fjære og Velt all din veg, og vande.