Gunmar Ulfstein, fødd i 1927, er oppvaksen like ved Ulstein Forbruksforening, og hugsar til dels i detalj korleis butikken ein gong var:
Kontoret var bak dei to vindauga lengst til venstre. Rett under det tredje vindauget byrja disken som gjekk bakover i lokalet. Disken gjorde ein 90 graders sving mot nord. I denne svingen var det ei opning der ein lyfte ein del av diskplata og gjekk gjennom og inn bak disken. I nørdste enden var det nok ein 90 graders sving, slik at disken enda i austre vegg. Mellom desse to dørene var benken ein kunne sitje på medan ein venta på at varene skulle verte oppvegne og oppmålte etter at ein hadde sagt kva ein skulle kjøpe.
Tenk berre på kor seint sirupen seig ut av fatet og ned i spannet.
Oppå disken stod eit papirstativ i tre høgder, smalast rull øvst, breiast nedst. Lenger borte på disken stod eit stort brunt kassaapparat der ekspeditøren trykte inn sluttsummen. Den tida skreiv ekspeditøren ned på papiret kva kvar vare kosta, og summerte, trykte på knappane og drog rundt ei sveiv. Det sa «pling» og ei skuffe med vekslepengar kom ut. Det var den tida både eitt- og toøringar hadde verdi.
På golvet var det fliser. Desse var grå med eit blått mønster. Mellom inngangsdørene stod der ein benk med ein spyttebakke på kvar side. Desse var blå utvendig og kvitemaljerte på innsida. Dei var forma som ei urne som på eit vis var snurpa i hop i «livet». Desse vart sjølvsagt skylde kvar dag.
– Interiøret var i ulike grønsjatteringar.
– Eg kan ikkje hugse at eg såg noko reklameskilt. Folk visste kva dei trong, og kjøpte det.
– Før mi tid kunne det hende at det hang kveitekringler i ei snor frå taket. Det var ikkje så mange som såg seg råd til å kjøpe desse, men det hende seg.
På veggen til venstre i hyller var der mannesaker så som hengjelås, hengsler, krokar, spikar, skruar, verkty o.a. Men det eg minnest best, var ein rull med skråtobakk oppe på ei fjøl i same hylle, og ein tollekniv med raudt skaft laga av Mora i Sweden. Ti øre kosta eit par tommar av den rullen.
På langveggen dominerte eit stort glasfat med eit tilsvarande stort, høgt lok. Inne i denne osteklokka låg ein gul kvitost på storleik med ein halvsliten slipestein. Det vart skore stykke av osten. På same hylle var der ein brunost. Til å skjere av denne brukte dei ein tynn streng festa i eit trestykke i kvar ende.
I hyllene elles var der margarin, rosiner, aprikos o.a. Og under disken var der skuffer med sagogryn, havregryn, byggryn, mjøl av ymse slag, sukker og finsalt. Det vart vege opp i brune posar. Eg hadde nær gløymt brunsukker som vi ungane likte godt. Vi fekk i ein stor spisspose for fem øre.
Lenger mot nord var damesaker – så som knappar, snelletråd og rullar med ty av ymse fargar til kjolar, skjørt og blusar. Her var fleire sydamer i bygda på denne tida.
Ute på lageret var der ei stor, blå trekasse med egg i. Egga låg i pappbur i fleire flåer. Vidare var der parafinfat med ei nikkepumpe. Der var nok ikkje elektrisk ljos i alle fjøs og uthus den tida. Der låg også eit trefat med sirup. Elles var der lagerplass for mjølsekker og andre varer. Tønner med tretjøre og steinkoltjøre låg lagra i sjøbuda.