Barndom og ungdom

Olav vart fødd 17.03. 1921 i Ulsteinvik. Foreldra var Sina og Julius Ulstein. Olav var den tredje av seks born, fire gutar og to jenter. Ola, som han vart kalla, var den som alltid skulle prøve ut nye idear.  Han var ein våghals, full av energi og uro. “På- fynstre”, sa far.

Våren 1931 vart mor innlagd på Kysthospitalet i Stavern med tuberkulose. Ho vart verande der i to år. I denne tida, og sidan periodevis, budde Ola hos ulike onklar og tanter. Kanskje var dette omflakkande tilværet i barndommen, og engstelsen for mor, ei årsak til uroa han hadde i seg.

I eit års tid budde han hos ein morbror på Rjukan. Der vart Ola kamerat med Marius Eriksen, bror til den kjende alpinisten Stein Eriksen. Fam. Eriksen budde på Rjukan denne tida. Kanskje var denne kameratskapen spiren til det sterke engasjementet innan idrett. Det var tydeleg at han hadde fått prøve seg, særleg i vinteridrettar.

Med åra vart han ein dyktig og allsidig friidrettsutøvar, trass i at det ikkje fanst noko friidrettsmiljø i den vesle bygda vår. Ola trena på eiga hand, og skaffa seg sjølv det han trong av utstyr. På romet hans heime kunne eg sjå storøygd på merkverkdige saker som spyd, kule, diskos – ja til og med boksehanskar. Dei første kronene han tente, trur eg gjekk til hoppski. Eller kanskje var det lengde- laupskeisene som kom først.

Seint på vinteren i 1940 drog Ola opp mot Skjervene og bygde seg hoppbakke. Då han sette utfor hoppet, kom han skeivt ut og landa på ein stor stein. Han vart liggande utan å kunne røre seg, kor lenge veit vi ikkje. Bergingsmann vart han Karl på Legene. Han var i marka med hest og slede for å hente torv.

På sjukehuset i Ålesund synte røntgenbilda to brot på bekkenbeinet. Sjukehusopphaldet vart avkorta, for no var krigen komen til landet vårt. Alle som det var mogleg å sende heim, måtte ut, då ein var redd for at sjukehuset kunne bli bomba.

Ola fekk sett senga si ned på ”kafeen”, der han skulle ligge i ro og gro. Så ein morgen gjekk flyalarmen, og me pakka oss i hop i mørkekjellaren. Eg hugsar kor eg skalv, der eg sat, og høyrde den skræmande duren frå flya som stupte og skaut på skip i Dimnavika.

Ola var ein annan stad enn oss, og ikkje i sjukesenga, nei. Inntulla i eit ullteppe stod han ved hushjørnet og prøvde å fylgje med i det som skjedde. Ja, det var dumdristig, ingen tvil om det.