Aslaug Aarkvisla (f. Saunes) peiker på ansikt etter ansikt på biletet av Heimestyrkane oppstilt utanfor folkeskulen i Ulstein i 1945. Ho kjenner igjen dei fleste og seier namna deira, sjølv om ansikta er uklare på det gamle fotoet. No er alle på biletet borte. Aslaug er ein av få som hugsar innsatsen til Heimefronten i Ulstein. Sjølv hadde ho 8 brør. Dei fire eldste var med og kjempa i krigen.
Det er ein fin vårkveld i mai. Forbi ”Klagemuren” ved Ulstein kyrkje går ungdommane på rekke. Tjue år gamle Aslaug Saunes, eller Tull, som alle kallar henne, går arm i arm med veninna Anne. Bak seg høyrer ho ei stemme:
– Kvar er han Olav i kveld?
Bror til Olav Flø går ved sida av Aslaug. Han svarer at Olav er i Ørsta for å søke jobb. Ei stund etter er det ein annan som spør om det same. Bror til Olav lyg igjen. Aslaug veit det ikkje er sant, for Olav er saman med broren hennar, Leif. Og Leif har sagt at dei skal inn i fjordane for å hente ved. Ho begynner å lure på om det også er løgn. Det er noko som går føre seg, men ho veit ikkje kva. Aslaug vågar ikkje spørje. Krigen er ikkje over.
– Eg visste ikkje noko om Heimefronten. Eg hadde inga aning om kva dei gjorde, seier Aslaug.
I dag er det ingen som kallar henne Tull lenger. 92-åringen sit i leilegheita si i Ulsteinvik sentrum, med utsikt til barndomsheimen på Saunes. Aslaug hugsar godt den vårkvelden for over sytti år sidan då ho og veninna Anne snakka om at det var ugler i mosen. Men kva det var, visste dei ikkje.
Å spørje mora hjelpte heller ikkje.
– Då knytte ho mor neven mot meg og sa: ”Du berre held knystandes stilt”.
Mora var den einaste som visste kva storebrørne til Aslaug hadde føre seg. Faren og småsøskena skulle skånast.
– Ho mor hadde mykje å bere, seier Aslaug.
Fire av sønene til Sara Saunes gjorde ein innsats under krigen. Ikkje alle kom heim.