For mange år sidan fekk eg eit notat av dåverande rådmann i Ulstein, Asbjørn Waage. Notatet omhandlar ei merkeleg hending på sjøen som skjedde først på 1800-talet. Grunnen til at eg fekk notatet, var truleg at tipp tipp oldefaren min, John Larsson Osnes, var ein av dei som er omtala i hendinga det her skal forteljast om.

Hendinga er omtala av to ulike forfattarar, som begge samla lokalhistorisk stoff i Ulstein. Den eine er Johan Knutson Hasund (1852-1925) og den andre er Johan Johannesson Haddal (1869-1948). Johan K. Hasund samla tradisjonsstoff og skreiv artiklar om lokalhistoriske emne. Han var bestefar til Asbjørn Waage. Johan J. Haddal reiste som dekorasjonsmålar mykje rundt på bygdene, og då nytta han høvet til å samle inn og skrive ned tradisjonsstoff. Mykje av dette vart nytta i bygdebøkene for Ulstein, der Asbjørn Waage var forfattar.

Johan K. Hasund sin versjon av historia

Ei merkeleg hending frå omkring 1816 eller så står fast i folk. Det var mykje brukt den tida å reise utom Djupet i Bormeegga og drage lange om hausten. Ein haust var to tre-røringar frå Osnes ute på slikt fiske. Kvar båt var bemanna med 5 mann. Dei reiste ut i fint ver, men ut på dagen bles det opp ein landvindsstorm med snøkave. Det viste seg snart at dei ikkje greidde å ro seg opp til Goksøyra, slik som dei meinte. Dei tok då til å rådslå om å gå alle i ein båt, og la den andre drive til havs. Imidlertid kunne dei ikkje verte samde om kva båt dei skulle forlate, og det vart skjebnesvangert. Allereie den første natta kom dei frå kvarandre, og dei visste ikkje å treffe kvarandre. Det gjekk dag etter dag og natt etter natt, men stormen rasa vedvarande frå land. Båtane vart fylte halvt gong etter gong, men dei fekk lensa, og det kan ikkje beskrivast kva dei leid i dei lange haustnettene.

Etter fleire døgn landa den eine båten i nærleiken av eller på Harøya i Romsdalen. I denne båten var ein unggut i 17-18-års alderen, son til Paul Osnes, død i båten. Den andre båten landa i nærleiken av Kristiansund. I denne båten kom alle levande i land, men ein av mannskapet døydde under første måltidet han skulle ta inn. Dette var ein enkjemann som tente hjå John Osnes, medan John sjølv fekk eit livssår, så han ikkje vann å bruke sjøen og døydde kort tid etter.

Den gongen var det korkje post eller telefon som kunne gi melding heim, og det gjekk heller ikkje så fort å nå heimatt. Dei kom fram på den måten at folk rodde når veret tillet det, stykke for stykke, og kosten måtte dei få kvar dei kom. Det var visst skralt med levemåten. Men endeleg, etter fleire veker, nådde dei heim, nettopp som lensmannen heldt på med å registrere buet til dei som var rekna for å vere omkomne.