Artikkelen er basert på ei særoppgåve Anna Standal Tangen frå Volda skreiv om Petra Moldskred. Artikkelen er ein forkorta og revidert versjon av særoppgåva. Petra er tanta til hennar farmor Hildur Tangen. I innleiinga til særoppgåva skriv Anna:

Då eg drøfta val av tema for denne oppgåva med farmor, fann ho fram slektsboka Den store Moldskredslekta, og foreslo at eg kunne skrive om hennar bestefar, Peter Moldskred. Mykje kan skrivast om den framgangsrike Peter knytt til modernisering av gardsdrift og næringsliv; ja, ei heil oppgåve faktisk. Likevel ynskte eg heller å finne ut meir om kvinnene i denne slekta, som fekk mykje mindre plass i Den store Moldskredslekta. Eg spurte difor farmor om ho ikkje hadde ei interessant kvinne eg kunne skrive om, og då var det Petra Moldskred, hennar tante og eldste dotter av Peter Moldskred, ho kom på.

Via sitt liv til å hjelpe andre

Petra var ei tynn, lita, vever kvinne, men hennar liv og gjerning vitnar om ei stor og omsorgsfull kvinne. Ho levde ikkje det livet som tradisjonelt sett var vanleg for ei bygdekvinne på byrjinga av 1900-talet. Ho vart aldri gift, og fekk heller ikkje barn. Gjennom arbeidet hennar som slumsøster i Frelsesarmeen, via ho livet sitt til å hjelpe andre. Ho starta si gjerning som slumsøster i mellomkrigstida, og var aktiv i teneste fram til ho pensjonerte seg i 1956. Denne perioden representerer ei tid før den norske velferdsstaten får skikkeleg fotfeste. Helsetilboda som då eksisterte var delt mellom fleire aktørar.