Der kjem eit taterfylgje. Tvo, tri kjerringar, fire karfolk og ei heil brote med ungar. Kjerringarne gjeng i raude vestar og beltor med blanke syljor, ljose hovudplagg og ofte raude stakkar òg. Forkledet hev dei bunde upp, og det er fullstappa med pultrar. Skorne er i fillor. Paa ryggen hev dei ein liten unge bunden fast. I eine handi ber dei kaffikjelen og i den andre leider dei ein annan unge. Fyre og etter gjeng større ungar berande paa pultrar paa ryggen eller i henderne. Karfolki er oftast svartklædde. Dei gjeng i skjorteerma og i skinnhuva.

Taterar

No kjem fylgjet til gards. Kallarne set seg ned paa marki og pussar klokkorne sine. Kjerringarne gjeng inn, dei vil koka kaffikjelen. Naar den er kokt vil dei ha fløyta i kaffien og so vil dei ha mat, og naar dei hev ete, vil dei ha hus yver natti. Kallarne byter klokkor og sel blekk men dei tiggar meir enn dei betaler. Taterarne hev oftast med seg ein liten tjukk hund og ein mager hest og naar dei er fine ei kjerra.

Taterarne fører eit daarlegt liv. Mange stader i Noreg er det set upp heimar aat deim for aa faa deim til aa slaa seg til ro.