Kari Brandal har skrive bok om 50-årsjubilanten Dimna IL. Ho skriv i forordet: “Kva er det med denne klubben som gjennom femti år har produsert lokale, nasjonale og, etter kvart også, internasjonale idrettsutøvarar heilt fri for hovmod? Kva er det med denne klubben som får pensjonerte og fråflytta ulsteinvikarar til å tre på seg grøne trøyer og stille som funksjonærar på klubben sine arrangement?” Levd liv har fått løyve til å hente ut nokre avsnitt frå boka.

Offisielt skipa 3. desember 1974

Historia fortel at ein familiefar i Dimna sat rundt eit kjøkenbord ein gong på syttitalet og skulle ønske dei fem borna hans hadde noko organisert å bruke tida si på. Det var langt til sentrum for dei som ville drive med idrett, og å køyre borna var inga sjølvfølge på den tida. Sigmund Dimmen heitte han, året var 1974, og han var med på å legge den fyrste grunnsteinen i det som etter kvart vart Dimna IL. 

Nora Dimmen var 22 år og hadde tilgong til skrivemaskin med rettetast, og tok meir enn villeg på seg naudsynt skrivearbeid. Det vart kalla inn til foreldreutvalsmøte og eit bygdemøte, og samklangen tilsa at å etablere eit idrettslag var det einigheit om i bygda. Eit interimstyre vart etablert, og til slutt vart Dimna IL offisielt skipa 3. desember 1974.

Leif P. Dimmen vart valt som klubben sin fyrste formann, og han fortel sjølv, med glimt i auget, at han fekk vervet fordi han var den einaste i Dimna som eigde joggesko.