
Alt i 1889 sette Sigvald Håkonsholm seg opp smie og kjøpte seg smedutstyr. Smia er den same som står på vestsida av sjøbua no. Her tok han mellom anna på seg jobbar med å klargjere båtar.
Slippen sin laga han til i 1905. No kunne han ta båtane på land på ein nokså enkel måte. Slippen var den første i sitt slag i Ulstein – og kom til å gi retning for viktige delar av næringslivet i kommunen vidare.








Staka ut kursen for Ulstein
I åra frå 1910 dreiv Sigvald og sonen Ole ei nokså bra monteringsverksemd. Dekksbåtane den første tida var ikkje så store, gjerne frå 30 til 45 fot.
Mange nybygde båtar med eigarar frå Herøy og Sande, ja, heilt frå Stadlandet, vart henta til slippen på Håkonsholmen og fekk overhaling og ferdigstilling. I den første tida hadde ikkje slippen motorar å drage opp båtane med, men seinare monterte dei ein fire hestar Møllerup for å dra spelet.
Slippen på Håkonsholmen var i drift til 1948. Då Marius Kleven starta opp slipp i Køyla, kjøpte han spelet og utstyret frå Håkonsholmen. Såleis kan vi seie at Sigvald Håkonsholm staka ut kursen for Ulstein på meir enn ein måte.
Vil du vite meir om historia til Ulstein?
Ulstein veks fram fortel om små og større hendingar her hjå oss frå 1800 talet og fram til vår tid. Vi som lever no har mykje til felles, det mest klåre er at vi kjenner takksemd til alle menneska før oss som gjennom heile livet arbeidde for å skape tryggleik og framtidsvon for menneska rundt seg.
Ulstein veks fram skildrar utviklinga som har vore i Ulstein frå forrige århundre og fram til i dag. Det er ei bok på heile 672 sider og rikt illustrert med bilde.
Boka er klar for levering i veke 48.