Ulstein kommune hadde sett av pengar til å byggje ferjekai i Ulsteinvik, og i Torvik på Herøy-sida hadde Paulus Torvik lova å byggje ferjekai. Før ferjekaiene vart ferdige, frakta ferja nokre få bilar som køyrde i land på sliskar. Ferjekaia i Ulstein stod ferdig ut på våren i 1954.
Og i 1957 blei første stålferje bygd ved Ulstein Mekaniske Verksted og satt inn i sambandet.
Namnet 'Torulf' er ei samandraging av Torvik og Ulfstein
I august 1954 kunne Vikebladet melde at Varholmen dagleg førte fleire bilar mellom Ulsteinvik og Torvik. Ein dag kunne avisa rapportere om ni bilar på strekninga. Dessutan hadde Ytre Herøy ferje mellom Eggesbønes og Stokksund, og også her vart det meldt om mange bilar. I det heile hadde ferjetransporten av bilar vakse mykje i løpet av sommaren 1954.
Namnet «Torulf» er ei samandraging av Torvik og Ulfstein (ein eldre skrivemåte for Ulstein), eit høveleg namn på ei ferje som skulle trafikkere strekninga Torvik – Ulsteinvik. For verkstaden i Ulsteinvik var «Torulf» ei forsikring om at den makta ein fullstendig byggeprosess frå teiknebrett til sjøsetting.
I 1955 var det klart at trafikken mellom Torvik og Ulsteinvik hadde auka så mykje det siste året at ferja som no gjekk der, hadde blitt for lita. Ei ny og større ferje måtte til så raskt som mogleg, og ordførar Ertesvåg hadde drøfta saka med representantar for Herøy, og dei sette ned ei nemnd som skulle gå vidare med saka. Planen var å skipe eit lutlag og ta over drifta av ferja. Det var Trygve Moltubakk som dreiv den gamle ferja. Lutlaget vart konstituert hausten 1955. I juli 1957 sjøsette dei den første stålferja bygd på Sunnmøre. Torulf skulle trafikkere ruta Torvik-Ulsteinvik, og Ulstein Mek. Verksted stod for bygginga: – Torulf er ei av dei flottaste og mest moderne bilferjer i si klasse i dag, skreiv Vikebladet. Onsdag 7. august 1957 vart ferja sett i rute.
Hjelp oss å ta vare på fortellinga om Ulstein
Forteljinga om Ulstein handlar om framsynte folk i ulike næringar, om politikarar og kommunetilsette som såg fram i tid og kva som var nødvendig i samtida; ikkje minst er Ulstein forteljinga om ein industri som fekk internasjonale dimensjonar. Men det er også historia om kultur og folkeliv, foreiningar og lag, ei idrettsrørsle i vekst og samling om kyrkje og bedehus.
Ditt medlemskap i Ulstein historielag støttar dette viktige arbeidet. Vi ynskjer deg velkomen som medlem.