Modellen av “Stad Sea” står på Norsk Oljemuseum og i inngangspartiet til Sigmund Borgundvåg. Foto: Norsk Oljemuseum.
Veslejulaftan 1969 gjorde boreriggen «Ocean Viking» eit stort oljefunn sør i Nordsjøen. Feltet vart opna i 1971 av dåverande statsminister Trygve Bratteli og fekk namnet Ekofisk.
I diskusjonen om oljeboring i Barentshavet vert det ofte presentert ein myte om at vêrtilhøva er verre i Barentshavet enn i Nordsjøen - det er heilt feil. Eg kjenner begge havområda godt, og meteorologane har stadfesta mi oppfatning - det er i Nordsjøen hav og båre viser seg frå si verste side.
Den aller første UT-704 som blei bygd heitte “Skaustream” og blei bygd i Turku i Finland for reiarlaget I.M. Skaugen Oslo i 1975. Her er det siste bildet som er teke av båten i 2018 før den blei kondemnert. No heitte båten “Tiba Folk” og høyrde til i De Forente Arabiske Emirater. Den hadde tent sine eigarar i heile 43 år.
Ulstein Trading vart oppretta for å ta seg av to oppgåver som Idar prioritere: sal og marknadsføring på den eine sida og design og prosjektering på den andre.
Den første UT-704 som var bygt ved Ulstein var “Stad Sea”. Seinare endra til “Far Sea”. Skipet blei levert til Sverre Farstad, Ålesund, i juni 1975. Vi ser skipet på Lyngnesvika. Gudmor var Marit Krohn Ulstein, kona til Idar Ulstein.
Sigmund Borgundvåg er rekna som “far” til UT-704 og dei andre designa som gjorde suksess på verdsmarknaden. Her er han fotografert i heimen sin i Ulsteinvik.
Borgundvågen ligg på nordsida av Stadt og vestover opnar Vanylvgapet seg mot storhavet. Her vaks Sigmund Borgundvåg opp og fekk båtar og hav inn med morsmelka.
Sigmund fortel at han var inspirert av naturen, fisken i havet og fuglen i lufta, og kvifor desse har fart framover. Her er ein fotomontasje som viser botnen av ein UT-704 og ei makrellstørje. Fotomontasje: Knut Arne Høyvik.
Sigmund møtte også kongeparet og fortalde om utviklinga av offshoreskip. Dette bilde heng i inngangen i heimen hans.
Bilde av Ulstein Verft i 1976 med både UT-704 og UT-705 ved kai. I dag er det 46 år sidan den første båten av dette designet kom i drift. Det er viktig å få dette inn i vår lokale historie om Ulsteinkonsernet og om samfunnet rundt.