Johan Sæter var sentral i oppbygginga av Sunnmøre Ungdomsskule i Ulsteinvik. Etter nokre lærarår i Sirdal og i Syvde, kom han til Ulstein og vart lærar ved denne skulen i 1935.

Då Edvard Standal, styrar ved Sunnmøre Ungdomsskule, reiste sørover til Stavanger, vart Sæter styrar i 1944. Dette var ein jobb han høvde godt til. Han var flink til å administrere. Sansen hans for humor og samarbeid inspirerte alle. Han sytte for godt utstyr til skulen sine samlingar, og han var ein glimrande pedagog som elevane sette pris på. Hans praktiske sans førde han til aktiv teneste for skulen sitt utstyr og korleis lokalitetane måtte utbetrast. Som døme på aktiviteten hans kan vi nemne at han i storfriminuttet kunne slakte ein gris eller to. I snart ti år stod han i aktiv teneste for skulen. Då tok helsa hans til å svikte.

I Osnesbakkane reiste Susanna, fødd Hop, og Johan sitt eige hus. Og Sæter tok aktivt del i oppbygginga av huset. Paret fekk åtte bom. Men den første jenta døydde som spebarn. Johan og Susanna fekk prøve meir, for eldste guten vart sjuk og døydde dagen etter jamnaldringane blei konfirmerte. Seinare døydde minstemann. Men då var også Johan borte.

Ein dag i realskulen sa han at han måtte til sjukehuset i Ålesund for å sjekke hjartet. Han stupte i gangane der. Det var eit sjokk for alle i bygda.

Johan Sæter var dirigent då koret spelte inn plata med songen “Himmelske Fader” i Volda kyrkje i 1955. Denne innspelinga gjorde koret landskjent og blei ofte spelt i “Ønskekonserten” i NRK Radio.