Sigvald Håkonsholm var ein gründer, og var rask med å ta i bruk mykje av det nye som kom. Han starta den første båtslippen i Ulstein. Sigvald var fødd på Borgarøya.
Landbrukshistorikaren Sigvald Hasund gjorde karriere som professor og rektor ved Norges landbrukshøgskule. Han sat også i regjeringa Mowinckel (2) som kyrkje- og undervisningsminister.
Solveig Berge Strandebø var ei av dei første kvinnene i Ulstein kommunestyre, og i mange år var ho styrar på telegrafen i Ulsteinvik. Faren var bonde og i fleire periodar ordførar i Herøy for partiet Venstre.
Stig Ulstein har bygd opp Ulmatec-konsernet og såleis blitt ein viktig industribyggjar på Sunnmøre. Han er også aktiv med investeringar i lokalsamfunnet.
Ståle Rasmussen har vore konsernsjef i Kleven sidan 2007 og såleis vore med på eit verftseventyr utanom det vanlege. Som musikar har han også spelt ei rolle kulturelt.
Svein Eiksund har lagt ned ein stor innsats i musikklivet i Ulstein gjennom fleire tiår. Mest kjend er han for arbeidet sitt med blandakoret Con Moto som har vore ein fin tilvekst til korlivet i Ulstein.
Sverre Kristensen – eller «blekken» som folk kalla han – var kjend både som blekkslagar og kulturperson i Ulstein. Han var fødd i Ålesund. Han var to år då familien flytte til Ulsteinvik.
Sverre Olav Lynge var den første skuleinspektøren i Ulstein. Han var ordførar nokre vanskelege mellomkrigsår. Han leiar i forstandarskapen i Ulstein Sparebank frå 1927 og i 37 år. Han åtte den første bilen på Flø.
Sokneprest Sverre Nilsen stod opp mot dei nazistiske styresmaktene under krigen. Bergensaren Sverre Nilsen var sokneprest i Ulstein frå 1939 til 1957.
Sverre Ottesen gjorde ein framifrå innsats i kulturlivet i Ulstein gjennom mange år. Han var typograf av profesjon. Sverre var frå Ottagarden i Ulsteinvik.
Terje Eiken har gjort ein stor jobb i korpslivet i Ulstein, som dirigent, instruktør og inspirator. Han er utnemnd til æresmedlem i Musikklaget Ulf.
Thomas R. Hatlø var med på å starte Hatlø Verkstad – eller Brødr. Hatløs Mekaniske Verkstad som det heitte den gongen. Han arbeidde der heilt til han nådde pensjonsalderen. I den første tida var han disponent.
Tolleiv Moldskred og syskenbarnet Leif Moldskred bygde opp bedriftene Moldskred Knuseverk og Ulstein Betongindustri i Haddal. I 1980 slo bedriftene seg saman.
Tore Ulstein er industrileiar og president i NHO. Han er medeigar i familieselskapet Ulsmo og dermed medeigar i Ulstein Group. Tore er utdanna sivilingeniør.
Vilhelm Ringstad var murmeister og gründer og markerte seg i lokalsamfunnet gjennom sitt 100-årige liv. Han vart fødd på Nykrem i Herøy, men foreldra flytte til Haddal, der dei kjøpte seg eit lite gardsbruk.
Aase Rise Ringstad dreiv blomsterbutikk og starta gravferdsbyrå i Ulstein. Ho var såleis med på å gjere kommunesenteret til ein meir komplett stad å bu.
Åshild Sivertsen dreiv forretning med brukskunst og gåveartiklar i Ulsteinvik i 40 år. Butikken hennar vart ein institusjon I bygda, og var ei medverkande årsak til at handelssenteret i Ulstein vaks fram.