Offentlig

4 treff

Administrasjonsbygget som blei reist til Ulsteingruppen i 1980 blei riven sommaren 2021. Ei vel 40-års historie er over. Administrasjonsbygget var sjølve symbolet for den sterke veksten som har vore i Ulsteinsamfunnet, og bygget blei på folkemunne kalla «Gullblokka».

Anders Hatløy har vore ein ruvande skikkelse for dei fagorganiserte ved Ulstein Verft og i forbundet Jern og Metall, det som i dag vert kalla Fellesforbundet.

Martin Ulstein grunnla Ulstein Mekaniske Verksted i 1917; verksemda som skulle bli ei hjørnesteinsbedrift i regionen, og etter kvart bli kjend som konsernet og familiebedrifta Ulstein Group.

I 2017 er det 100 år sidan starten for Ulstein Mekaniske Verksted (UMV), det som i dag er ein del av Ulstein Group. I dei første åra var det reparasjonar og konstruksjon av fiskebåtar i tre. Seinare kom stålbåtar, og desse var av fleire typar, mellom anna passasjerfartøy, roro-skip, ferjer og offshoreskip.