Næring

9 treff

Av heftet ”Pelsdyrtellingen i Norge pr. 1. september 1934” går det fram at det var kanadiaren Charles Dalton som vart banebrytaren for pelsdyr-oppdrett. Rett nok hadde Hudson Bay-kompaniet alt i 1872 freista å oppdrette sølvrev i fangenskap, men lukkast ikkje. Dalton gjekk i kompaniskap med Robert T. Oulton, og for desse to lukkast det etter kvart å kome fram til eit heldig resultat.

For nokre tiår sidan åt folk på våre kantar stort sett berre kortreist mat. Her på Flø dyrka dei mellom anna fleire slag korn. Dei skar, treska og mol. Det var livleg ved bakstebordet når konene frå nabogardane møttest til brødbaking, og bestefar sat ved omnen, fyrte med god bjørkeved og steikte. Det var ikkje kven som helst som kunne ta det arbeidet. Dei baka både flatbrød og lefse.

Ragnar Ulstein har i eit opptak fortalt litt om korleis dei ulike onnene på garden han kom frå gjekk føre seg. Vi slepper han til for å fortelje:

Med utgangspunkt i Hans Thoresen Ulstein (fødd 1. juli 1884) sine nedteikna minne frå ungdom og vakse liv som bonde og fiskar frå Ivagarden på Ulstein, vil eg freiste å få fram eit bilete av aktiviteten på strendene våre frå hundreårsskiftet og inn i det 20. hundreåret. Ei viktig kjelde er også semesteroppgåva til Tove Th Ulstein på DH i Volda i 1991 og bladet Adventa i 1970, der han fortel om sin barndom og ungdom, 86 år gamal. For å forstå korleis ein klarde seg med dei mangslungne oppgåvene som måtte til for å ha mat på bordet, til ofte store familiar, så trur eg og det er viktig å få fram samhandlinga mellom kyst og indre fjordstrøk. Der har vore stor kontakt, og mange har kome utover for å finne ein næringsveg, og dei fleste i heile området har drive fiske om vintrane.

Den første veterinærhøgskulen i verda vart oppretta i Lyon i Frankrike i 1762. Også Danmark og Sverige var tidleg ute. Veterinærhøgskulen i København vart oppretta i 1773 og i Skara i 1775. Veterinærhøgskulen i Skara vart flytta til Stockholm i 1821. Dei første studentane vart tekne opp på Norges Veterinærhøgskole i Oslo i 1935, men høgskulen vart ikkje offisielt opna før i 1936.

No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.

Når fisken var utvaska, var det å begynne på vårvinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje.

Ringstaddalen ligg i retning sydvest- nordaust og åpner seg ned mot Haddal, og endar fram mot Løkeberget som stenger i nord. Ved foten av Løkeberget ligg garden Løset, og avstanden frå Haddal til Løset er vel 4 km. I fremre av enden av dalen ligg eit kryssande dalføre som går framover mot Fjelle, og der vegen går vidare over Brekkene og ned mot Hareidseidet. Nedanfor Løset ligg Løsetvatnet der utlaupet er kjelde til elva som renn gjennom dalen.

I tidlegare tider var nok familielivet meir prega av faste rutinar til faste tider enn det er i dag. Det var ikkje så mykje tekniske hjelpemidlar som  i dag, og det var heller ikkje så store utval i dei få butikkane som då var. Dette galdt både i matvegen, i klesvegen, og for reiskap både på sjø og land.