Dei som har budd i Ulstein i nokre tiår kan ikkje ha unngått å ha lagt merke til Åshild Sivertsen i Ulsteinvik, ei lettbeint dame anten på sykkel, eller trippande på sin særeigne måte fram og tilbake mellom bustaden sin på Sauneset og sentrum i Ulsteinvik. Før ho sjølv vart pensjonist, brukte ho oftast sykkel med korg for å frakte varene sine frå lageret i sitt eige hus på Saunes til butikken i sentrum av Ulsteinvik.

Etter at butikken vart avvikla i 1995, vart ho eit fast innslag i bybiletet i mange år. Dagleg var ho å sjå, framleis på sykkel, eller du kunne finne ho td. på Blåhuset, oftast i livleg samtale med einkvan. Åshild har alltid vore ei dame med meiningar og med meiningars mot, aldri redd for å fortelje kva ho meiner, anten direkte til den ho snakkar med, eller gjennom eit poengtert innlegg i lokalavisa. Ei dame det er lett å bli glad i, men som også nok har skaffa seg nokre ”uvener” gjennom sine ”frimodige” ytringar.

Barndom og ungdomstid

Åshild vart fødd i 1926 på Sauneset i Ulsteinvik. Faren, som kom frå Skodje, var snikkar og husbyggar, ein svært dyktig fagmann som var med på å realisere mange av dei bygga som vart bygde i Ulsteinvik på den tida. Fagutdanninga si fekk han i Ålesund, der han gjekk på kveldsskule sett i gang av tyskarar som var komne til Ålesund for å hjelpe til med oppattbygging av byen etter bybrannen i 1904, den einaste skulen faren hadde råd til. Åshild fortel at han også gjorde mykje gratisarbeid ma. for bedehusmiljøet i kommunen. Det var dårleg med arbeid i regionen, og faren måtte ofte reise langt av garde for å få tak i oppdrag. Ei tid hadde han planer om å emigrere til Amerika. Faktisk sto han klar med pakka koffert for å dra til Amerika med Titanic i 1912.