Tysdag 6. september 1977 var ein merkedag for alle musikkinteresserte på søre Sunnmøre.
Då opna Laluna Platebar som den første spesialforretning innan plater og kassettar. Både Radioservice og Loen’s musikkcenter hadde i fleire år selt musikk og musikkutstyr, men det var først med Laluna Platebar at Ulstein fekk ein eigen platebar som kun selde musikk. Denne artikkelen skal i hovudsak handle om oppstartsåret.
Bak oppstarten og den nye forretninga stod Jorunn Grønmyr og Svenning Vang. Begge to var svært interesserte i musikk, og opplevde at 70-talet hadde mykje fantastisk musikk. Platebutikken opna i Bjørndalsvegen og i første etasje i huset til Solveig og Torbjørn Strandebø (i dag Atle Strandebø), like ved Sauneselva. Lokala var innreidde av Jorunn og Svenning og hadde eit intimt og koseleg preg, og det tekniske utstyret var kjøpt inn frå Ulsteinvik Radio og TV AS. Det var lagt vekt på at kundane skulle ha tipp-topp utstyr når dei lytta til musikk.
Vil du lese meir om Laluna?
Ulstein Historielag vil med årsskriftet Levd liv knyte banda attover til den lokale historia, og med dette vere med på å skape større interresse og kunnskap om lokal historie.
Levd liv blir til kvart år ved hjelp av stor entusiasme og mykje dugnadsarbeid. Boka inneheld stoff begrensa til Ulstein, skrive av lokale artikkelforfattarar eller med tilhørighet i kommuna.