Artikkelen er henta frå boka “Glimt frå Vikebladet 1960-1964” som blei gitt ut på Spor Forlag i 2007. Den omtala nye brannstasjonen blei ferdigstilt i 1965. I desse dagar vert den nye brannstasjonen teken i bruk og er innflyttingsklar til jul 2021.

Den nye brannstasjonen utanfor Brudevoll slakteri ved Krusham­maren, er no ferdig. Det er blitt eit pent bygg. Hovudfargen på fasadane er halden i kvitt med brunt i glasfelta og søylepar­tia mellom dei store dørene til hovudgata.

Desse dørene er ellers utstyrte med småruta vin­du, og for utsjånaden er dette ein stor fordel i motsetning til kompakte dører som ofte har vorte nytta på slike bygningar.

Som vi før har nemnt, skal også kjøtkontrollen få lokale i huset. Den gamle brannstasjonen ved Haldeplassen har såleis ikkje mange levedagar att, og bra er vel det!