I huset som stod på hustufta på Løset som eg skriv om, budde det menneske gjennom to hundreår, kor mange som var innom på fjellgarden der, er som å telje kor mange bier og humler som er innom ein sommarblome.
Om morgonen tysdag 8. mai 1945 kunne folket i Ulstein høyre kyrkjeklokkene kime. Frigjeringsfesten var i gang. Om kvelden strøymde bygdefolket til Ulsteinkyrkja til fredsgudsteneste. Mannskor og blandakor song, Musikklaget Ulf spelte.
Arvid Petterson har skrive ei rekke historiske bøker med Finnmark som arena. Frå den siste boka hans «Deportering -eller flukt? Porsanger 1944-1945» har vi fått lov å ta med eit intervju med Agnes og Egil Wilhelmsen. Intervjuet kan lesast i samanheng med den førre artikkelen i boka: Porsanger – Ulstein, tur – retur. Her er intervjuet:
Den siste verdskrigen fekk store konsekvensar for mange, slik også for to brør frå Børselv i Finnmark og to systre frå Jørngarden på Ulstein.
Denne forteljinga om foreldra mine, Nelly og Bernt Dimmen, kan vere ei påminning om kor tilfeldig våre livsløp kan bli. Den kan også fortelje noko om kor avgjerande vala våre i unge år kan vere for ettertida.
TV serien ”Kampen om tungtvatnet” gjorde at den nære fortida kom oss rimeleg nær. Vemork-stasjonen vart øydelagt natt til 28. februar 1943. Tre veker etterpå var her lokal dramatikk; ”Dragsundraidet”, som det vart kalla av tyskarane, skjedde 23. mars 1943:
Hausten 1956 var ei dramatisk tid politisk sett. Sovjet Unionen gjekk inn i Ungarn og tok over styringa av landet. Dette førte til at mange frå Ungarn flykta. Også her til Ulstein kom flyktningar. Så vidt eg hugsar, gjekk dette svært bra. Dette var unge menn, og mange fekk seg arbeid på dei mekaniske verfta i Ulstein. Etter ei tid reiste dei frå bygda.
Olav Osnes vart fødd 10.07.1916 oppe i Gjerda i Ulsteinvik sentrum. Før krigen var han politikonstabel i Østerdalen og seinare i Volda. I årets utgåve av Levd Liv presenterer me dagbladnotata som Olav Osnes skreiv ned under felttoget i Gudbrandsdalen i aprildagane i 1940. Brorsonen til Olav Osnes, John Osnes, fekk kopi av desse notata for mange år sidan, og meiner det er naturleg at dei blir publiserte i samband med krigsjubileet. Under krigen var Olav Osnes saman med resten av familien sentral i arbeidet med Englandsfarten og i militært motstandsarbeid. Han vart arrestert av Gestapo i desember 1941 og sat på Vollan kretsfengsel i Trondheim til mai 1942. Seinare vart han arrestert på nytt av Gestapo i juni 1944, men vart sett fri etter ein månad. Særleg under siste arrestasjonen var han sterkt torturert, og han mista jobben i politiet. Olav Osnes organiserte i 1944 og 1945 Heimestyrkane på Ytre Søre Sunnmøre. Meir om både Englandsfarten og Heimestyrkane kan ein lese i Ragnar Ulstein si bok
“Lagunen og Stormen. Ulstein-Bygd i Europa 1940-1945”. Etter krigen fekk Olav Osnes si lengste arbeidstid som lensmann i Vanylven. Olav Osnes døydde for nokre år sidan, over 90 år gamal.
Denne sumaren i 1941 var det stor trafikk over Nordsjøen til Shetland her frå distriktet. På folkemunne vart Ålesund kalla for vesle London. Tyskarane raste, og ved hjelp av Rinnanbanden vart mange arresterte og torturerte. Det vart også avsagt mange dødsdomar, men trafikken berre auka på. Som eit siste desperat forsøk på å få slutt på Englandsfarten, kom der ordre frå høgste hald at fedrane til dei som hadde rømt skulle arresterast. Utan forvarsel kom Gestapofolk også til Ulstein og tok med seg dei som dei fekk tak i. I Dimna tok dei Rasofiel Notanes og Kristian Vik. Men onkel Salamon, far til Bernt Dimmen, var tilfeldigvis ute og fiska, så han gjekk klar. Dei andre som vart arresterte frå Ulstein var: Julius Ulstein, Matheus Ulstein, Thomas Hatlø og Petter Osnes, far til Ewald. Saman med resten frå Sunnmøre, vart dei sende til Grini der dei sat eit års tid. Rasofiel Notanes fortalde meg etter krigen at dei fekk forholdsvis god behandling. Rasofiel kom på eit arbeidslag saman med fleire kjende personar som Francis Bull m.fl.
I området ved Hasundstraumen, både på Hasund og på Dimnøya, har der vore buplassar frå langt tilbake i tid. Dette kan vi mellom anna sjå av alle gravhaugane. I dette området hadde Hasundkarane storbåtnaust. I Storevika var der ei god styd. Eit berg ved denne styda vart kalla Åburen. Dette området er fylt att med stein i dag.
Det er i siste halvdel av mars. Torskefisket er kome so langt at karane hev fått tjøra av fingrane. Den fiskaren som ikkje hadde fingrane impregnerte med tjøre når fisket starta, hadde ikkje fornya vegna si forsvarlegt i vinter. Veret hev vore laglegt i vinter, fisket hev ogso vore godt, truleg godt over eit middels år. So i år vert det nokre kroner meir enn vanlegt på “misjonsgarna” ogso.
Her var mykje overtru hjå folk i gamle dagar, både på landjorda og på sjøen. Det meste av det hadde kvorve då eg vaks opp, men somt hekk igjen, og somt heng kanskje att ennå.
Geografisk er Spjutøy lokalisert nord for Dimnøya med Spjutøysundet som naturleg skilje mellom dei to øyane.
Sjølve namnet, Spjutøya, kjem truleg frå gammalnorsk spjot n. spjut. Øya er fyrst nemnd i eit skriv frå 1644.
I ei bok om Sunnmøre står det om Flø at der er gravhaugar frå vikingtida og at ein har utsyn mot Atlanterhavet. Der er nokre gode fiskeplassar, dessutan skal ein kunne gå ut på åkrane og plukke fisk som er kasta opp av sjøen.
Kjelde: Harald Jørgen Rasofielson Hatløy.
Rasofiel Johanson Hatløy, frå Johangarden på Hatløya, skulle opp i Vik for å selje egg og smør. Samtidig skulle han handle ulike varer. Dette hende truleg ei tid mellom 1933-34, tidleg i veka.
Ulstein kvileheim blei riven våren 2007. I samband med det, er det naturleg med eit tilbakeblikk på historia til denne viktige institusjonen i Ulstein kommune. Denne artikkelen baserer seg på ein artikkel av Lidun Hareide og eit tilbakblikk skrive av Asbjørg Hasund Grønmyr. Begge desse artiklane er frå 1991 og stod i Vikebladet/Vestposten.
Håkonsholmen, i Ulstein kommune er ein gamal handelsstad frå midten av 1600-talet. Seinare vart staden også tilholdstad for sorenskrivaren og i den samanheng også postopneri. I daglegtalen vert Håkonsholmen berre nemnt «Holma». Dette viser kor sentral denne staden var i eldre tid.
I Ragnar Ulstein si bok “Lagunen og stormen, Ulstein – bygd i Europa 1940-1945 skriv han mellom anna:
“Kampen mot englandsfarten var ei prioritert sak for Gestapomenn langs vestlandskysten.