Levd liv 2019

16 treff

Denne artikkelen er henta frå boka Johan von Cappelen og arven etter han. Johan von Cappelen var sokneprest i Ulstein og Hareid 1748-1792. I omslaget til boka skriv forfattaren: I 1749 kom det eit reisefølgje til prestegarden i Dimnasund. Den nye presten Johan von Cappelen kom til gards saman med kona Marthe Sophie. Dei var nygifte. Husa på garden var til nedfalls og måtte vølast. Husa vart sett i stand, og familien vart buande i Dimnasund til Johan døydde i 1792.

Vi har mange førestillingar om jul, helst personlege, og svært mange positive. Nokre har vi arva frå generasjonane før oss, og nokre har vi vore med på å skape sjølve. Slik er jula heimfest i sinnet vårt som knapt noko anna vi har opplevd som menneske.

I våpenhuset i Ulstein kyrkje står ei stor innsamlingsbøsse (julegryta) like ved inngangsdøra. Bakgrunnen for bøssa var at smed Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. Det er eit vakkert utført arbeid av Simmones som i dag pyntar opp våpenhuset i kyrkja.

Forfattar: Levd liv 2019

Bygdesong er ein song som lovprisar heimbygda eller grenda, og vert ofte framført på 17. mai, ved skuleavslutning eller i andre høgtidelege samanhengar. Dei fleste norske bygder har ein bygdesong, og i Ulstein finn vi bygdesongar i grendene Flø, Ulsteinvik, Hasund/Sundgot, Dimna, Haddal og Eiksund.

Presten i Dimnasund Nils Chr. Anker (1881 – 1894) starta planting av Prestegardsskogen. Han fekk planta eit stort furufelt i sørhellinga mot Ertesvåg ifølge Bygdeboka for Ulstein.

Planar og diskusjonar

Når blei tanken om eit samfunnshus i Ulsteinvik lansert for første gong? Ein avisartikkel hevdar at Asbjørn Hasund (Vågen) og Anton Kleiven hadde ein samtale om dette på seint 40-talet. Desse unge mennene hadde vore ute i verda og sett andre forhold enn i heimbygda. Det var nok også eit tema som blei diskutert der folk møtest.

Aksel, Levd liv himself, har eit sterkt ønskje om å få inn noko om lastebilgründerane i Ulstein, dei som starta opp med dette nye yrket, og dei som heldt fram til våre dagar. God ide, Aksel, men dette kan ikkje eg nok om. Jau, du har no mykje om dette i boka ”Bilen og Folket i Hareid og Ulstein”. Men eg kan ikkje tyte oppatt det som står i boka. Ja men her er ikkje andre som eg veit til å gjere denne jobben. Lastebilfolket hadde eit tøft yrke, og eg vil ha slitarane fram i lyset også i Levd Liv. Nei, ja , eg får prøve å sjå kva eg kan kome på, og sjå om eg får til noko som er verdt å lese. Det er ikkje greit å seie nei til kulturfyrtårnet Aksel Hauge.

Inge Dragsund var for mange kjend som disponenten i suksessbedrifta Odim, som han starta saman med tre andre i 1974. Odim jobba blant anna med mekanikk og hydraulikk til både fiskeri- og oljebransjen, og selskapet har vore ein viktig del av næringslivet i regionen.

Artikkelforfattar Kjell Garnes vaks opp på Garnes og opplevde det tyske nærværet ved Dragsundbrua i krigsåra. Han var seks år gamal då krigen braut ut i Noreg, og han hadde nettopp fylt ni år då krigen kom til Garnes. Gjennom eigne opplevingar og samtalar med sentrale vitne, skriv han her om dramaet denne marsdagen i 1943.

I boka Hundre år – Hundre personar i Ulstein skriv redaktør Asle Geir Widnes Johansen at for Magne Grimstad sr. var speidararbeidet eit kall. Mykje tid gjekk med, og til heimen hans kom alle som skulle ta prøver og få rettleiing. Han var og med og arrangerte ei rekke leirar og samlingar, men då kona Marta døydde i 1969, miste han både lyst og kraft for ei tid. I denne boka vert Magne Grimstad sr. heidra for lang og tru teneste knytt til speiararbeidet.

Eg vart spurd om å skrive ein artikkel om Marit Høyvik Ulstein til boka Levd Liv. Eg sa ja, og gjennom døtrene Gerd og Solveig fekk eg tilgang til eit rikhaldig arkiv med avisutklipp, brev og notat som Marit hadde samla. Arkivet er så omfattande at det er stoff til ei heil bok.

Dette er ein artikkel som baserer seg på eit patentskriv som blei delt ut til bønder som hadde ansvar for å frakte posten. Ordninga med postbønder har røter tilbake til 1647, og blei ei statleg ordning frå 1719. Ein postbonde skulle overta post levert av forrige postbonde på ruta, og overlevere den til nestemann i rekka. Til gjengjeld var han friteken for utskrivning, skyssferd, innkvartering m.m.

På byrjinga av 1800-talet kom posten sjøvegen frå Borgund til Brandal. Hjå futen Landmark vart posten sortert og rodd til Hareid. Postbodet gjekk eller reid frå Hareid til Skeide på ein veg som knappast kunne kallast ein gang- eller rideveg. Frå Skeide gjekk posten vidare til prost Buschmann i Dimnasund, eller frå 1815 via sorenskrivar Staboe på Håkonsholmen. Sørgåande post gjekk sjøvegen frå Osnes til Ekset i Volda.

Den kampen som har samla flest publikum på Høddvoll er kvartfinalen i cupen 30. august 1981 mellom Hødd og Vålerengen. Kampen enda med 1-2 tap.

I år er Hødd 100 år. Idrettslaget blei skipa i 1919 – i eit tiår som var ei ekspansiv tid for Ulsteinsamfunnet. I tidsromet mellom 1909 og 1919 hende det mykje som har fått stor betydning for Ulsteinsamfunnet.

Arthur Osnes var fødd 14.september 1924. Flyet han var med vart skote ned over Tyskland under andre verdskrig ved Hannover 22.september 1943. Alle ombord omkom. Arthur var då 19 år gamal.