Levd liv 2014

15 treff

I januar 2014 fylte Ulstein kunstlag 70 år. Dette vart markert med ei storstilt jubileumsutstilling. Den første kunstforeininga i Noreg var Christiania Kunstforening, stifta i 1836.

Det er 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik vaks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med uvanleg entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse.

I sildefisket var basen om bord den viktigaste mannen. Skilnaden på dei gode og mindre gode var markert. Det var kanskje i storheitstida på 1950-talet basane blei testa mest. Basen var nøkkelpersonen og veldig viktig for å få god fangst.

Frå 1. januar 1957 vart ordninga med “skatt av årets inntekt” sett i verk. Dette var vel, etter mi meining, ei god ordning for dei fleste skattytarane.

Hasund Mek. Verksted AS er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.

Initiativtakaren og grunnleggaren av denne bedrifta var Hallvard Hasund. Han vart fødd på plassen Sandbakkane i Hasund 31. mai 1908. Foreldra var Andreas H. Hasund f.  1867 og Marte Sofie f. 1875. Hallvard var den nest yngste av 5 sysken, 3 jenter og 2 gutar.

Frå Flø var det kort veg til dei viktigaste fiskeplassane under vintertorskefisket på Sunnmørskysten. Eit rev eit stykke frå land tok litt av for ver og vind, men særleg i vestaver og nordavind var den «naturlege» hamna lite brukeleg. Det vart frå interessert hald peika på at ein trong ei betre hamn her, både som utrorsstad og som naudhamn.

Det første og einaste eg hugsar etter bestefar, er gravferdsdagen hans. Ein aprildag i 1958. Eg var 4 år og stod i vindauget og såg gravfølgjet for forbi på nedstevegen mellom Lillebøverkstaden og slakteribuda hans Brudevoll. Sjøen var på begge sider av vegen. Svartkledde kvinner og menn gjekk sakte etter kista. Eg var rasande fordi eg ikkje fekk vere med i gravferda. Det var ikkje brukvisa å ta med born i gravferd då.

Når ein køyrer riksvegen forbi Haddalbygda, kan ein lett falle på tanken: ”Kor vakkert dei har laga det”. Det var ikkje først og fremst venleiken dei hadde i tankane, dei som mura desse gjerda.

I Ulstein kyrkjelyd fall eidfestinga på 25. mars 1814. Sokneprest Buschmann heldt talen i den svulstige språkdrakta som var typisk for tida. I forordet til den trykte talen (S. Aarflots Bogtrykkerie) fortel Buschmann at han har late talen trykke i nokre eksemplar etter at vener og mange i kyrkjelyden har oppmoda han om det. Kanskje kunne det vere med på å halde oppe litt av den ånda som talen syntest å skape hos tilhøyrarane. Her gir eg att delar av talen omsett til nynorsk.

Korleis var det i Ulstein i 1814, dette merkelege året som har skore seg inn i historia vår som eit barberblad og delt henne i eit før og eit etter. Smitta gløden ut til fattigfolk langs kysten; ideane, tankane, spenninga som avspegla seg i riksforsamlinga på Eidsvoll? Korleis var forholda på denne tida?

Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i Austefjorden. Ho var barn nummer sju av foreldra Ottar (Otte) Ivarsson (døypt 16.2.1773) frå Erkegarden på Langvatn og Brit Olsdotter Skare (døypt 18.9.1774).

Garden Skare vart bygsla av pastor Finde i 1801, og Ottar fekk kjøpt han av proprietær Nils Leganger i 1826. Garden ligg på sørsida av Austefjorden, ikkje langt frå Fyrde som er inst i fjorden.

Ei tragisk hending står fast i folk frå omkring 1816 eller så. Det var mykje brukt den tida å reise utom Djupet i Bormegga og drage lange om hausten. Ein haust var to båtar (trerøringar) frå Osnes ute på slikt fiske. Kvar båt var bemanna med fem mann. Dei reiste ut i fint ver, men ut på dagen bles det opp ein landvindstorm med snøkave. Det viste seg snart at dei ikkje greidde å ro seg opp til Goksøyra slik som dei meinte.

Sesongane 1951, 1952 og 1953 var eg lettbåtroar og altmulegmann på halv lott i Haddal Notlag. Notbas var Ingolf Myrene. Vi heldt oss i lettbåten, ein liten robåt, i time etter time gjennom kveldstimar og nattetimar. Eg ved årane, og Ingolf ståande med loddstrengen, og med eit skarpt blikk bortover sjøen, speidande etter sildesprett (-vak).

Levd liv blir altså gitt ut av Ulstein Historielag i samarbeid med Osberget. Aksel Hauge leier redaksjonsnemnda, og Magne Grimstad jr. i Osberget er redaktør for boka. 

Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeide tungt ei tid. Den noverande leiinga i laget tok opp arbeidet i 2003. Dei valde Aksel Hauge til leiar, eit verv han har også i jubileumsåret. 

Når eg skal skrive om far sine opplevingar som japansk krigsfange under andre verdskrigen, så er det eg har, ei lita notatbok som eg har arva. Denne notatboka fortel mest om kvar dei var, og kven som kom til fangeleirane, og kven som reiste der ifrå. Eg har difor måtte gå til andre kjelder for å finne stoff om dagleglivet i dei ulike fangeleirane.