Ingeborg Runde

3 treff

Ingeborg Huus, februar 1998. Då besta, Ingeborg Runde, døydde i mai 1996, hadde ho 20 oldeborn. Ikkje alle nådde å bli kjende med henne, men alle vi som var barnebarn, fekk eit nært – og godt – forhold til besta og bestefar på Runde.

No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.

Når fisken var utvaska, var det å begynne på vårvinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje.