Nyttårsorkanen
Natt til 1. januar 1992 feia ein spesielt kraftig orkan inn over Sunnmørskysten; han skulle seinare bli heitande «Nyttårsorkanen». Dei som skulle rydde i skogen, og dei som skulle vøle hus, vart ikkje arbeidsfri med det første.
Folk som hadde levd lenge, kunne ikkje minnast ein slik vindstyrke.
Vikebladet Vestposten rekna alt i den første utgåva si i 1992 med at vindbygene hadde øydelagt for fleire titals millionar i Ulstein og Hareid. Mange løer og sjøhus vart flytta og knuste.
Fleire måtte slakte buskapen
I Ulstein vart to bustadhus, eitt i Eiksund og eitt i Ulsteinvik, totalskadde, og det var i tillegg mange takskadar med avbrotne piper, avskrella stein og papp. Det florerte med meldingar om innslegne glasruter.
Vindmålaren på Vigra vart sprengd i dei kraftigaste kasta, og pila slo opp i 70 knop i middelvind og 100 knop i kastevindane. Kanskje hadde dei sterkaste kasta vore opp i 120 knop då det stod på som verst 1. januar. Bøndene i Ulstein vart råka hardt. Fleire måtte slakte buskapen fordi dei ikkje kunne huse dyra lenger. Ein av dei som var ramma, var Leif P. Dimmen i Dimna. Han måtte slakte og selje heile buskapen, medan han satsa på å halde på sauene.
Vil du vite meir om historia til Ulstein?
Ulstein veks fram fortel om små og større hendingar her hjå oss frå 1800 talet og fram til vår tid. Vi som lever no har mykje til felles, det mest klåre er at vi kjenner takksemd til alle menneska før oss som gjennom heile livet arbeidde for å skape tryggleik og framtidsvon for menneska rundt seg.
Ulstein veks fram skildrar utviklinga som har vore i Ulstein frå forrige århundre og fram til i dag. Det er ei bok på heile 672 sider og rikt illustrert med bilde.
Boka er klar for levering i veke 48.